Natur - og friluftsliv

Plassebakken Barnehage ynskjer å fremme ein profil der naturen og friluftsliv er ein viktig arena for barn si læring. Målet er å leggje fundamentet for å bli gode forvaltarar og brukarar av naturen og seg sjølv.

Opplevingar i naturen og erfaring med dyrehald, er sjølve grunnmuren i vår pedagogiske verksemd.

Frå yngst til eldst i barnehagen får alle barna i Plassebakken Barnehage fine erfaringar med natur og friluftsliv.

Generelt sett kan ein seie at medan leikeapparata på leikeområdet til barnehagen innbyr til bestemte måtar å bestige dei på, er det i naturen mogleg å finne sin eigen måte.

Vi har god plass på uteområdet, naturlege utfordringar med kuppert terreng og varierte leikeapparat som gir utfordringar for ulike alderstrinn. Om ein ikkje klarer å klatre opp ein stad der dei eldre barna får til, blir det noko å strekke seg etter. Det blir då stas å kunne meistre det til slutt – noko som er viktig for mental helse og sjølvbilete.

Viktig for oss er også området ved grillhyttene og skogsområda rundt som naturleg progresjon i utelivet.

Naturen har ei utfordring for alle og serverar eit mangfald av moglegheiter. Utfordringane barna får, gjer at motoriske ferdigheiter blir styrka. Vi meiner at barn treng å lære seg å vurdere risiko og eigen mestring som eit grunnlag til vurderingar ein treng å gjere seinare i livet.

Uteliv har ein verdi i seg sjølv med dei berikande opplevingane ein får med det å vere i naturen.

Barna får mange høve til forskjellige naturstemningar; Bål, naturen i endring med årstidene, lydar, lukter og så vidare. Dette er opplevingar der alle sansane blir nytta. At barna får erfaring med dette, og lærer seg å sette pris på desse opplevingane, vil gjere at dei vil kjenne ansvar for å ta vare på naturen når dei blir vaksne. Dei vil óg nytte naturen til vidare opplevingar.

Friluftsliv vil føre til at barna får ei kjensle av å inngå i ein større heilskap. Eit slikt medvit om verdien av fellesskap er noko av det viktigaste vi vaksne kan tilføre barna.

Friluftsliv bidreg også til utvikling av sosial sensitivitet og empati. Under ein tur vil det ofte oppstå situasjonar som vil påkalle barna sin omsorg for turkameratar. Det kan være at nokon frys og treng å låne eit ekstra plagg, eller nokon er tørst eller svolten og treng mat eller drikke. Barn som kjenner seg som ein del av fellesskapet vil ofte spontant yte hjelp i slike situasjonar.

Talet på konflikter blant barna vert kraftig redusert i naturen. Det finnes også undersøkingar som viser at det er mindre opplevd stress for både dei vaksne og barna i naturgrupper. Forsking viser at frisk luft og naturopplevingar har positiv effekt på vår psykiske helse.

Vi har dei siste åra arbeidd for å lage små kjøkkenhager saman med borna i barnehagen. Slik ønskjer vi å skape opplevingar og glede over å få ting til å vekse og korleis ein kan påverke trivsel gjennom stell og pleie. Vi ønskjer også å skape forståing for kor maten vår kjem frå, at den ikkje lager seg sjølv i kjøledisken på dagligvarebutikken.

Vi arbeider for å utvide barna sin kunnskap om samanhengar i naturen og på den måten bidra til ei berekraftig utvikling.