Barn sin medverknad
Noko av det viktigaste vi kan lære barn er korleis vi alle er avhengige av kvarandre i vår streben etter ”det gode liv”. Kunnskapen om at ein kvar kan vere med på å forme sitt liv ved å påverke sin eigen kvardag, er gull verdt. Like viktig er det å gi barna høve til å forstå at dei vala vi gjer, ikkje berre påverkar eigen kvardag, men kan også komme til å påverke andre sin kvardag. FNs barnekonvensjon vektlegg at barn har rett til å seie si meining i alt som vedrører det, og at barn si meining skal leggast vekt på.
Ein av dei viktigaste jobbane vi som vaksne har, er at vi til ei kvar tid er vakne og observante på barnet sine mange uttrykksformer. Dei uttrykker seg språkleg, men minst like mykje gir dei uttrykk for sine kjensler og meiningar gjennom kroppsspråk og mimikk. Desse signala skal vi vaksne plukke opp og ta på alvor. Ved Plassebakken barnehage ønskjer vi at barna skal verte høyrde og få lov til å vere med på å utforme tilbodet dei får. Vi legg stor vekt på barnet sin rett til medverknad og at barnet aktivt skal bygge ut sin kunnskap.
Barn i ulike aldrar har ulike måtar å uttrykke seg på. For oss er det viktig at sjølv dei yngste barna blir gitt høve til å påverke eigen kvardag og får erfaring med at ulike typar meiningsytringar får betydning for dei sjølv og andre.
Barn si kjensle av å bli tatt på alvor og sett, gir barnet eit løft i utviklinga av eige sjølvbilete. Ved å ta omsyn til barn sine ønskjer og behov i høve innhaldet i kvardagen, gir vi barnet ei kjensle av å vere verdifull.
Barn sin rett til medverknad krev tid og rom for å lytte og til samtale. Den pedagogiske verksemda skal hos oss organiserast slik at vi gir tid og rom for dette. Det er viktig for eit barn sin trivsel og utvikling korleis det vert møtt av vaksne. Alle barn er like verdifulle, uavhengig av kjønn, hudfarge, funksjonsnivå, religion, familiebakgrunn, etc. Det er derfor sjølvsagt for oss at alle barn og foreldre skal møtast med respekt, toleranse og nestekjærleik.
Foreldre sin medverknad
Foreldrerådet ved Plassebakken Barnehage SA
Foreldrerådet skal fremje fellesinteressene til foreldra og bidra til at samarbeidet mellom barnehagen og foreldregruppa skaper eit godt barnehagemiljø. Alle foreldre til alle barn ved barnehagen er automatisk medlemmar i foreldrerådet. Foreldrerådet velger to representantar til samarbeidsutvalet, og desse er som regel leiar og nestleiar av foreldrerådet. Etter at dagleg leiar har kalla inn til det første møtet om hausten, skal rådet organisere seg sjølv, på eige initiativ eller etter å ha fått framlagt saker som er viktig for foreldra sitt tilhøve til barnehagen.
Samarbeidsutvalet (SAMU/SU)
Hovudoppgåver
• Være eit rådgjevande, kontaktskapande og samordnande organ.
• Utvalet skal særleg vere med på å drøfte barnehagen sitt ideelle grunnlag og arbeide for å fremje kontakt mellom barnehagen og lokalsamfunnet.
• Uttale seg i saker som er viktige for barnehagen sitt innhald og forholdet til foreldra.
• Samarbeidsutvalet skal fastsette ein årsplan for den pedagogiske verksemda i bedrifta.
Foreldremedverknad i kvardagen
I tillegg til SAMU og Foreldrerådet, ønskjer vi å trekkje fram at vi arbeider for å få eit nært og godt samarbeid med foreldre i vårt daglege arbeid. Hente- og bringe situasjonar er våre viktigaste møteplassar, og her kan vi utveksle nyttig informasjon om kvarandre. Personalet skal arbeide for å bli kjent med alle foreldre, og på denne måten sikre medverknad i kvardagen. Vi har dei siste åra også lagt vekt på å invitere foreldre med på ulike aktivitetar når dei har lyst eller høve. Dette kan vere i f t spesielle kunnskapar eller ferdigheiter dei har, matlaging frå andre kulturar, deltaking på fjellturar osv. Dette er ein fin måte for foreldre å bli kjent med barnehagen og dei andre ungane, i tillegg ser vi at dette er ekstra stas for barnet som har med sin eigen forelder. Og så er det ikkje minst kjekt for barnehagen å bli endå betre kjent med foreldre.
I overgangen frå heim til barnehage, legg vi vekt på foreldreaktiv tilvenning. Dette betyr at foreldre er ein ressurs i tilvenningsperioden og at personalet må arbeide aktivt for å lære om barnet og familien sine vanar og tradisjonar.
Når vi gjennomfører ulike foreldresamtalar, legg vi vekt på at samtalen skal vere gjensidig og at vi i fellesskap skal undre oss over ting vi evt. lurer på. Det betyr at vi skal dele av den kunnskapen vi har om barnet og saman komme fram til vegen vidare.