OMSORG
Det er viktig for oss at menneska som oppheld seg i barnehagen opplever omsorg. Med omsorg meiner vi vaksne og barn som er til stades for kvarandre, lyttar til kvarandre, viser empati, er rettferdige, viser interesse for kvarandre sine liv både i og utanfor barnehagen og er oppriktig til stades. For å få til dette må vi ha eit avstressande miljø. Tid er her eit nøkkelord. For mange barn er det viktig for å føle tryggheit at der er vaksne som kan vere rolege og som har tid til å ta dei på fanget.
Barnehagen som omsorgsarena handlar altså også om barna sin omsorg for kvarandre. Å gi barn høve til å gi kvarandre og ta i mot omsorg, er grunnlaget for utvikling av sosial kompetanse og er eit viktig bidrag i eit perspektiv med livslang læring. Personalet i barnehagen skal vere gode førebilete og vere gode støttespelarar når dei veileder borna i å vise omsorg.
Miljøet skal hos oss vere prega av omtanke for fellesskapet og det unike hos kvar og ein av oss, slik at kvar og ein av oss skal føle meistring i barnehagen. Med dette meiner vi at vi skal ha respekt for kvarandre, vise omsorg for kvarandre og skape tryggheit. Vi skal vise respekt for ulikskap, ulike forutsetningar og sjå etter det positive i kvarandre. Vi skal vere rause ved å lytte til kvarandre, la alle komme med si meining, ha tolmod, inkludere alle, snakke positivt om kvarandre og vere bevisste på kroppsspråket vi viser i kommunikasjon med andre. Gjennom dette trur vi at barnet blir i stand til gradvis å ta større ansvar for seg sjølv og fellesskapet.
LEIK
… er noko av det viktigaste i Plassebakken Barnehage. Leiken skjer på barna sine premissar og har stor verdi. Gjennom leik utviklar og tileignar barn seg kunnskap, dugleikar, verdiar og haldningar. Leiken skil seg frå andre aktivitetar ved at den er ein frivillig, spontan og fantasifull aktivitet - styrt av barnet sjølv. I leiken blir vennskap til og band blir knytta. Barnet får her mange opplevingar og utfordringar. Opplevingar, inntrykk og kjensler vert bearbeidde. Det er leikekameratane som gjer barnehagen spesiell.
Personalet hos oss legg til rette for gode høve til leik og skaping av mange minner i ”den gode barndom”. Leiken er avgjerande for barn si utvikling; - intellektuelt, språkleg, sosialt, fysisk og emosjonelt. Vi legg derfor vekt på å legge til rette for gode leikemiljø ved å observere, ta initiativ til samspel, vere tilgjengelege, inspirere, vere støttespelar og deltakar i barns leik.
Ein av kjerneverdiane våre er galskap. I forhold til leik vil vi vere leikande vaksne, som tørr å sleppe seg laus og vere litt gal, som tørr å la borna bråke litt i leiken og stole på at ein likevel har kontroll. Det er dette som gjer oss «barnehagefolk» litt annleis enn folk flest. Vi ser at dette påverkar leiken til borna, slik at dei litt stille og forsiktige også tørr å sleppe seg laus og komme med innspel, og dermed bli populære leikekameratar.
Vaksne med kunnskap om leiken si betydning er viktig for oss. Dersom vi observerer barn som ikkje leikar, er det vårt ansvar å finne ut kvifor og gjere noko med det. Vi veit at borna treng felles opplevingar, tid og kontinuitet for å skape leik og for å utvikle den frå eit «rable-stadium» til eit rutine-stadium med leiketema som er rike og kan utvikle seg med alder. I tillegg kan nokre born trenge veiledning for korleis ein kan komme i gang med leiken. Dersom dei vaksne greier å gi barna alt dette, kan ein unngå utestenging og mobbing i barnegruppa og sørge for at alle føler at dei har vener i barnehagen.
Ein av kjerneverdiane våre er vennskap. Vi har som mål at alle borna i barnehagen skal ha minst ein ven. Barn kommuniserer gjennom leik. Dei uttrykker, bearbeider, fantaserer, undersøker og erfarer på ulike områder. Leiken er den viktigaste treningsarenaen for sosial kompetanse, og for oss er det viktig å vere sikre på at alle barn i vår barnehage har dei beste vilkåra for å kunne utfalde seg i ulike typar leik.
DANNING
Rammeplan for barnehagen seier at “danning er ein livslang prosess som mellom anna handlar om å utvikle evne til å reflektere over eigne handlingar og veremåtar. Gjennom gode danningsprosessar blir barn i stand til å handtere livet ved at dei utviklar evna til å vere prøvande og nysgjerrige på omverda og til å sjå seg sjølve som ein verdifull medlem av eit større fellesskap”. (Kunnskapsdep. 2011:15)
Dette samsvarar med Læreplan for grunnskulen sin definisjon på danning. I den generelle delen av læreplanen seier ein følgjande om danning: “Opplæringa skal bidra til ein karakterdannelse som gir den enkelte kraft til å ta hånd om eget liv, forpliktelse overfor samfunnslivet og omsorg for livsmiljøet”. (Læreplan for grunnskulen, LK 2006, generell del).
Danning handlar på mange måtar om synet vårt på barn og korleis vi legg til rette for at dei kan vere deltakande individ i barnehagekvardagen. Ser vi på born som lite kompetente med behov for kontinuerleg veiledning, eller ser vi på barn som kompetente, deltakande og aktive born som kan påverke forholda rundt seg? Danning handlar ikkje om å få lydige born, men om at borna får høve til å reflektere over gode og mindre gode gjerningar i eit inkluderande fellesskap. Slik tek borna aktivt del i eigen læring, og erfarer korleis ein kan påverke seg sjølv og andre. I praksis betyr dette at borna møter vaksne som tek dei på alvor, som reflekterer på høgt saman med ungane, som let borna få ta del i eigne konfliktløysingar. Danning handlar om at borna erfarer at mine idear og meiningar blir sett, høyrt og respektert, men at dei også erfarer at ein av og til må vente eller få utsett eigne ønskjer og behov. Vi ønskjer at borna skal erfare miljø der «å høyre til» og fellesskap er gjeldande. Vi skal streve etter samtalar, der alle kjensler og meiningar blir tatt på alvor, samstundes som ein vert utfordra i å vere tolmodig og vise forståing for andre sine meiningar og kjensler som er annleis enn sine eigne.
Danning handlar om å legge til rette for markering av ulike kulturelle høgtider. Det handlar om å utvide eigne førestillingar og utfordre såkalla sannheiter både for vaksne og born. Å bli møtt med aksept og respekt påverkar korleis vi ser på oss sjølve og andre. Dette gir godt utgangspunkt for å kunne ta del og påverke eige liv. Danning handlar om livsmeistring og mental helse.
LÆRING
Det å fremme born si læring i barnehagen krev stimulerande miljø som støttar opp om lyst til å leike, utforske og meistre. «Born skal få undersøke, oppdage og forstå samanhengar, utvide perspektiv og få ny innsikt. Borna skal få bruke heile kroppen og alle sansar i sine læringsprosessar.»
I Plassebakken barnehage er vi spesielt oppteken av at borna skal få oppleve og erfare med heile kroppen ute i naturen. Vi bruker mykje tid ute og i periodar har vi eigne uteveker der borna blir levert og henta ute. Generelt sett er vi mykje ute heile året, og vi er ofte på tur i nærområdet eller omegn. Vi arbeider med å sette fokus på pedagogisk arbeid både på tur og når vi er på uteområdet. Dette handlar om å bli gode på å skape stimulerande miljø også ute, og ikkje ta for gitt at ungane ordnar seg sjølv i utetida. Naturen legg i seg sjølv til rette for at born skal få utforske og eksperimentere på eiga hand, men personalet skal sørge for gode stimulerande miljø for alle barn. Dei kan då ha behov for ny inspirasjon og felles engasjement frå personalet.
Vi arbeider også for at born sine undringar rundt det dei ser og opplever ute i naturen, skal bli møtt av vaksne som er interesserte og engasjerte. Vi skal møte borna med undring og det er ikkje alltid dei vaksne som sit med det rette svaret. Personalet skal oppmuntre borna til å søkje svar og undre seg saman med. I barnehagen er vi opptatt av at der ikkje alltid er eit svar, men det kan vere mange. Nokre gongar finn ein ikkje svar, men berre nye spørsmål. I naturen er ikkje materialet statisk, men borna kan tilpasse materiala til det dei sjølv ønskjer. Dette stimulerer kreativitet og nytenking, det å lære seg å sjå løysingar når ein står fast. Vi tenkjer at mange erfaringar og opplevingar i naturen er med på å sette færre negative merkelappar på borna, fordi alle kan meistre ut frå eigne føresetningar. Dette skaper god meistringskjensle, og meistring er ein føresetnad for læring.