Grankongla og Furutoppen
Grankongla og Furutoppen er avdelingane for dei yngste barna, og dagane er fylt med omsorg og leik. Vi arbeider målretta for at alle barn skal kjenne seg trygge i barnehagen. Tryggleik er viktig for at det skal vere progresjon i utvikling av sosial kompetanse og utvikle eit godt sjølvbilete. Vi ønskjer å vere empatiske vaksne som møter både barn og foreldre på ein slik måte at deira behov blir ivaretatt. Grankongla og Furutoppen er prega av mykje latter og glede. Ein dag pr. veke har vi ansvar for stell av dyra.
Rognebæret
Borna på Rognebæret er i ein alder der dei ønskjer å meistre meir på eiga hand, og vi gjer oss nytte av denne entusiasmen over å klare sjølv. Ungane får god tid til å prøve og feile, og dei vaksne passer på å sjå dei fleste høve til meistring. Sjølv om det skal vere god tid til både leik og utvikling av sjølvstende, er faste rutinar ein del av kvardagen, noko som skaper tryggleik og ro. Vi har faste aktivitetar som t.d. turar, baking, besøk i gymsalen, dyrestell, formingsaktivitetar, magiske samlingar og ikkje minst mykje song og musikk. Borna har høve til å påverke innhaldet i dagen, og dei vaksne skal arbeide for å sjå og forstå kvart einskilt barn. Vi vil at barna skal bli sjølvstendige individ med eigne meiningar, som veit dei meistrar kvardagens utfordringar og som har evne til å tilpasse seg den gruppa dei er i. Det er viktig at borna lærer å behandle andre med respekt, og fokuserer på øving i sosial kompetanse og å kommunisere med andre på ein god måte.
Hasselnøtta
På Hasselnøtta er vi opptekne av å skape tryggleik og trivsel som bidreg til respekt for kvarandre og som gir gode leikevilkår for borna. Vi verdsett leiken som ein god læringsarena og ynskjer å utnytte det potensialet leiken har. Barna får gode opplevingar i naturen og er med å ta ansvar for dyra våre. Barna får utforske og oppdage naturen sitt mangfald i både dyreliv og planteliv.
Bjørkebarken
På Bjørkebarken er vi opptekne av å ha det kjekt i lag gjennom friluftsliv, dyrestell, leik og læring. Vi held for det meste til på grillhytteområdet - ute og inne. Vi ønsker at barna skal bli glade i å vere ute og ta i bruk naturen og alt den har å by på. Ute i skogen er ikkje materiale definert slik som mykje av leikene inne i barnehagen er (som lego, bilar, dokker og liknande) Her må fantasien takast i bruk. Ein stein kan bli til ei sjørøverskute, eit fengsel og liknande. Naturen har store variasjonar og barna kan finne utfordringar ut i frå deira forutsetningar. Forsking viser også mange positive effektar av å vere ute som blant anna økt trivsel, betre konsentrasjon, mindre konfliktar i leiken, eit lågare stressnivå, bedre immunforsvar med mykje meir.