Fagområder

Barn si interesse for dei ulike fagområda skal stimulerast i barnehagen, og det blir lagt til rette for eit lærande fellesskap som verdset ulike uttrykk og meiningar. Barna skal utvikle kunnskapar og ferdigheiter innanfor alle fagområder gjennom undring, utforsking og skapande aktivitetar.

Rammeplan for barnehagen tek utgangspunkt i 7 ulike fagområder:

  • Kommunikasjon, språk og tekst
  • Kropp, rørsle, mat og helse
  • Kunst, kultur og kreativitet
  • Natu, miljø og teknologi
  • Mengde, rom og form
  • Etikk, religion og filisofi
  • Nærmiljø og samfunn

Barnehagen sitt verdiggrunnlag og formål skal prege arbeidet med fagormråda.

Borna sin leik er det viktigaste grunnlaget for arbeidet. Engasjement og interesse skal vere utgangspunktet for innhaldet, og barna sin medverknad vil såleis få ein sentral plass.

Dei vaksne skal vidare stimulere og følge opp det borna er engasjerte i, og legge til rette for undring, utforsking og skapande aktiviteter for alle fagområda.

«Barnehagen skal bruke materiell og utstyr, teknologi og digitale verktøy, spel, bøker og musikk i arbeidet med fagområda». (R.pl, 2017)