Pedagogisk dokumentasjon
Dokumentasjon handlar om å synleggjere praksis. I dette arbeidet kan vi nytte tekst, bilete, video, lyd, konkretar, utstilling, nettet osv.
For at dokumentasjon skal bli til pedagogisk dokumentasjon, skal praksisen som vert synleggjort danne grunnlag for kritisk refleksjon. Denne refleksjonen er med på å vidareutvikle vår pedagogiske praksis.
Korleis opnar vi opp for ein kritisk og reflekterande praksis med utgangspunkt i dokumentasjonsarbeidet vårt?
Gjennom pedagogisk dokumentasjon får ein fram ulike oppfatningar både i personalgruppa og i barnegruppa. Dette styrker ein demokratisk praksis, og kan hjelpe oss å sjå verksemda frå ulike perspektiv.
Den største utfordringa med pedagogisk dokumentasjon er å systematisere det arbeidet som vert gjort. Det å sette arbeidet i eit system, er naudsynt for å skape bevisste vaksne og eventuelt få til endring i praksis. Ein kan få til ei systematisering ved å bevisstgjere seg korleis og for kven ein brukar pedagogisk dokumentasjon.
Først og fremst brukar vi pedagogisk dokumentasjon for borna i barnehagen. Dokumentasjonen skal danne grunnlag for samtaler om erfaringar og opplevingar borna har gjort seg undervegs og i etterkant av eit prosjekt eller ein aktivitet.
Pedagogisk dokumentasjon er også eit nyttig verktøy for dei tilsette i barnehagen. Dokumentasjonen skal danne grunnlag for kritisk refleksjon kring praksis. Utgangspunktet for refleksjonane kan vere praksisfortellingar, loggbøker, videoopptak og bileter. Det er viktig å ha fokus på born sine læringsprosessar i dette arbeidet.
Forutan å arbeide med pedagogisk dokumentasjon for born og tilsette i barnehagen, er dette også aktuelt for foreldre og samfunnet elles. For foreldre gir dokumentasjon betre innsikt i bornet sin kvardag.
Vurdering av barnehagen sitt arbeid
Å vurdere handlar om å reflektere over det arbeidet vi gjer i barnehagen. Det er med på å sikre kvalitet og fornying, utvikling og progresjon.
Kvaliteten i det daglege samspelet mellom menneska i barnehagen er ein av dei viktigaste føresetnadane for gode utviklings- og læreprosessar.
Det er naudsynt at barnehagen i fellesskap utviklar ein strukturert plan for vurderingsarbeid, slik at vi faktisk meistrar å bli bevisst den kunnskapen vi søkjer.
Styrar og leiarteamet i barnehagen har ansvar for å legge rammene for eit godt vurderingsarbeid. Pedagogisk leiar på kvar avdeling har vidare ansvar for at vurderinga blir gjennomført, men alle som arbeider i barnehagen skal involverast, bidra og sette preg på arbeidet.
Barn sine erfaringar og synspunkt skal inngå i vurderingsarbeidet, og barnehagen fokuserer på å utvikle gode metoder for å sikre dette. Dette er viktig for at born skal kunne medverke og trivast i barnehagen. Observasjon av einskildbarn og barnegruppe, samt samspel mellom vaksne og barn, kan gi oss viktig informasjon i dette vurderingsarbeidet. I tillegg vil intervju og samtalar gi oss kunnskap om kva born tenkjer og er opptekne av.
Innanfor vurdering av barnehagen sitt arbeid, er vi også avhengig av andre sitt syn på det vi gjer i den pedagogiske verksemda vår. Vi sender ut brukarundersøking til foreldre 1 gong pr barnehageår, vanlegvis om hausten.
Foreldre har i tillegg høve til å medverke og komme med tilbakemeldingar gjennom foreldresamtalar, den daglege kontakten med avdelingane, i foreldrerådet og Samarbeidsutvalet.