Her held vi til

Barnehagen er privat (foreldreeigd), godt vedlikehalden og byr på gode lokale for store og små. Utbygginga i 2008 sikra lokale som innbyr til utfalding i trygge og utviklande omgjevnader. Foreldre og tilsette kan leige lokala. Barnehagen er inndelt i avdelingar tilpassa barn på ulike alderstrinn, med blant anna eiga avdeling for dei aller yngste og gymsal noko som gir oss eit leikeareal på ca. 67 % meir pr. barn enn lovfesta arealkrav.

Leikeplassen - for barn i alle alderstrinn
Leikeplassen har leikeapparat av grovt tømmer og tau som er tilpassa ulike alderstrinn og utviklingsnivå. Alle barn får dermed utfordringar i tråd med eiga modning. Barna vert stimulert til fysisk aktivitet, utforsking og kreativ leik.

Dyra våre
bur i nybygd dyrehus borte ved grillhyttene. Her bur foreløpig kaniner og marsvin, men vi har også planar om andre dyr. Barna er dagleg med på stell av dyra, og får erfaring med og kunnskap om dyr. Barn og foreldre stiller også opp som avløysarar i helg og ferie. Dette er svært populært.

Fjøra i Apalvika og Strømsvik
ligg i passe gangavstand frå barnehagen. Her grillar, badar og utforskar vi så ofte vi kan.

Gapahuken og elva
ligg i skogen i fin gangavstand frå barnehagen. Vi har ein flott gapahuk og utedo. Her ligg det tilrette for gode natur­opplevingar, som fiske, klatring, grilling, hinderløype, slynger og utforsking av skogen.

Trollskogen, Åsenråsa og Apalviksætra
Tre av våre fantastiske, og ofte nytta turmål. Her ligg det godt til rette for opplevingar og læring i spanande omgjevnadar. Trollskogen, Åsenråsa og Apalviksætra gir næring til fantasifull leik og kreativ utfalding.

Grillhyttene

Her foregår mykje dei same aktivitetane som inne i barnehagen. Hyttene er plassert ca. 50 m fra barnehagen i eit flott naturområde. Barnehagen tilbyr foreldre og tilsette å leige grillhyttene.