Dyrehald

I barnehagen har vi to kaniner, høner og marsvin som bor i eit flott nybygd dyrehus borte ved grillhyttene. Vi har planer om andre typar dyr, som t.d. sauer/lam. Alle aldersgrupper er med på stell og omsorg for dyra i ulik grad.

Barna er dagleg med på stell av dyra, og får erfaring med og kunnskap om dyr. Vi meiner at kontakt med dyr er ein unik læringsarena for barn i alle aldersgrupper og ein utmerka arena for å knytte vennskapsband og gode relasjonar. Dyra våre er ikkje til matproduksjon, eller slakting, men det handlar om ei vinkling på korleis utvikle sosial kompetanse, sjølvkjensle og sjølvbilete til kvar einskild. I tillegg gjev kontakt med dyr ei kjensle av å meistre, kreativitet, spørje- og vitelyst. Vi erfarer at barn vert tiltrekt av dyr, og at barn gler seg over nærleiken og samspelet med dyra. Forsking hevdar at når eit menneske har fysisk kontakt med dyr, blir det utløyst positive endorfinar i kroppen som gjer at vi kjenner velvære.

Stellet av dyra i vekedagane er det barn og personal som tek seg av. Oppgåvene som må gjerast er å gi tørrfôr, gras eller høy, sjå til at alle dyra har nok vatn. I tillegg må bura gjerast reine og fine så dyra har det lunt og godt. For barna er det ein populær aktivitet å få vere med på fôring og reingjering. Barn og foreldre stiller også opp som avløysarar i helg og ferie. Dette er svært populært.