Overgangar er naudsynte og kan opplevast meiningsfulle, men samstundes kan det vere ein krevande eller kritisk periode som påverkar det einskilde born. Gode overgangar handlar om å skape samanhengar som er forstålege og meiningsfulle.
Overgang frå heim til barnehage
I Plassebakken barnehage er vi opptekne av å skilje mellom omgrepa tilvenning og tilknytning.
Tilvenning handlar i stor grad om å venje seg til nye aktivitetar og rutinar. Tilknytning handlar om å knyte seg til ein eller fleire omsorgspersonar.
Tilvenning kan gå relativt raskt, men tilknytning krev lenger tid.
Det betyr at vi legg vekt på å følgje barnet sitt tempo i tilvenningsperioden, og oppmodar foreldre om å sette av god tid til denne prosessen. Tilknytning er når born oppfattar at dei vaksne er tilgjengelege for støtte, merksemd, beskytting og trøyst.
Vi tek i mot born og foreldre i små grupper, slik at den første tida skal vere så oversiktleg og forutsigbar som mogleg.
I rammeplan for barnehagen (2017) står det at… «Barnehagen skal tilpasse rutiner og organisere tid og rom slik at barnet får tid til å bli kjent, etablere relasjoner og knytte seg til personalet og til andre barn.»
Hos oss får born og foreldre ein tilknytnigsperson som dei forheld seg til den første tida.
Gjennom foreldreaktiv tilvenning ønskjer vi å bli godt kjende med barnet og utvikle ein god og trygg relasjon medan foreldre endå er til stades. Dette betyr at foreldre har hovudansvar for rutinesituasjonar dei første dagane, medan tilknytningspersonen observerer og lærer om barnet. Etter kvart tek tilkyntningspersonen over ansvaret meir og meir.
Vi arbeider for at foreldre og born skal møte personale som er sensitive, tilgjengelege, engasjerte, følgjer barnet sine initiativ, viser interesse og byr på seg sjølv.
Vi har vår eigen kompetanseplan «Tilvenning og tilknytning i Plassebakken barnehage SA» (2016) der vi fokuserer spesielt på korleis ta i mot nye barn og familiar.
Barnehagen følgjer også planen «Samarbeidsrutiner for overgang heim – barnehage i Ålesund kommune» (2020) i arbeidet med å skape gode rutinar for familiar som skal starte barnehagelivet.
Overgangar innad i barnehagen
Når barn skal skifte avdeling innad i barnehagen, skal personalet «…sørge for at barn og foreldre får tid og rom til å bli kjent med born og personal når dei byttar barnegruppe.»
Skifte av avdeling betyr nye lokaler, nye kamerater, nye vaksne, nye rutiner og eit nytt eller annleis pedagogisk innhald. Dette er store endringar i eit barns liv, sjølv om barnehagen som institusjon er kjent.
Vi startar tilvenning til ny avdeling på våren slik at borna har god tid til å førebu seg på skifte. Vi prioriterer jamlege besøk på ny avdeling over lengre tid og at kjente vaksne er alltid med. Personalet skal førebu borna på kvart besøk og skape forventning om at noko kjekt skal skje. Det er også viktig å lage rom for bearbeiding, til dømes gjennom tilbakeblikk og samtale på tidlegare besøk.
Det er viktig at barna møter noko av det dei kjenner frå før, som til dømes songar, bøker, fortellingar leikar osv. For at borna skal få bli kjent med nye born og vaksne, vil fokus på gode fellesskaps-opplevingar vere eit godt hjelpemiddel.
Borna skal få skape sin eigen prosess i overgangen. Dei skal få tid til å observere, undre og utforske i eige tempo.
Vi legg vekt på god informasjon til foreldre også i denne overgangen. Informasjon gir tryggleik, og trygge foreldre påverkar born positivt.
Vi har tidlegare prøvd oss litt fram med nokre «hospiteringsordningar» der personalet først blir kjent med borna i sine vante omgivnadar, altså før borna besøker sine nye avdelingar. Vi ønskjer å gjere oss fleire erfaringar kring dette, då vi opplevde godt utgangspunkt for relasjonsbygging.
Overgang mellom barnehage og skule
Siste året før skulestart er vi opptekne av å skape mange ulike treffpunkt mellom andre barnehagar i bygda og skulen. Dette for at alle born skal oppleve overgangen som trygg og god.
Vi har hatt tradisjon for at elevar kjem på besøk til barnehagen vår, før våre skulestartarar reiser på skulen for å bli kjent med skulebygg, aktivitetar og rutinar der.
Etter samanslåing til ny kommune, har det i Ålesund vore utarbeidd ein ny plan for korleis barnehage og skule skal samhandle om å skape ein god overgang mellom barnehagen og skulen. Vi gjennomfører samarbeidsmøte kvar haust med skule og barnehagar i bygda, der ein legg konkrete planar for året som kjem.
I rammeplan for barnehagen står det at… «Barnehagen skal bidra til at barna kan avslutte barnehagetida på ein god måte og møte skulen med å vere nysgjerrig og ha tru på eigne evner». Dette betyr at vi fokuserer på at barna skal få utforske og lære med heile kroppen, der borna tek aktivt del i eigne læringsprosessar.
Vi legg vekt på sjølvstende, det å vere ein god ven, samt leseglede.
Skulestartarar forventar også ofte at dette siste året skal by på noko som er litt «annleis», så vi har små og korte skulestartarsamlingar der vi legg til rette for enkel utforsking av tal og bokstavar.
Rutinane/planen skal sikre at «…skule og barnehage utveksle kunnskap og informasjon som utgangspunkt for samarbeid om tilbodet til dei eldste borna i barnehagen, overgangen og oppstart til skulen».
Dersom barnehagen skal dele opplysningar om einskilde barn, har vi rutiner for å be om samtykke frå foreldre til det. Vi har eigne barneintervju som fokuserer på born sine tankar om å starte på skulen. Dette er viktig og nyttig informasjon å ha med seg i overgangen.