Medisinering av barn i barnehagen

Vi ønskjer å sikre at medisinering av barn i barnehagetida blir tatt hand om på ein sikker og god måte. Dette stiller nokre krav både til personalet og til foreldre.

Les meir her: Informasjon til foreldre om medisinering av barnehagebarn.

Dersom barnehagen skal utføre legemiddelhandtering på vegne av foreldre, skal det lagast ein skriftleg avtale om medisinering der det framgår kven tilsette det er som skal administrere medisineringa. Dette gjeld både medisinering av forbigåande og langvarig karakter.

Ved avtale om legemiddelhandtering skal det fyllast ut ei oversikt over legemiddel der alle legemidlar som barnet skal ha medan det oppheld seg i barnehagen er oppført med namn, styrke og dose. Det skal også verte angitt til kva tidspunkt tidspunkt legemiddelet skal verte gitt og kva observasjonar personalet må gjere. 

Dette skjemaet/avtalen kan du fylle ut heime og ta med saman med medisinen når du leverar barnet ditt i barnehagen: Medisineringsavtale med foresatte - legemiddelkort.

Dersom barnet har ein sjukdom som medfører at det kan oppstå akutte situasjonar i barnehagen, f.eks. epileptiske anfall, astmaanfall, føling som følge av diabetes, skal det fyllast ut ein avtale om akuttmedisinering. Denne skal signerast (og/eller fyllast ut) av lege. Skjema for dette finn du her:
Instruks ved akuttmedisinering.