Progresjon

Progresjon i barnehagen inneber at alle barna skal utvikle seg, lære og oppleve framgang. Det handlar om å skape eit tillegg til det borna opplever, erfarar og erkjenner saman med familie og vener.

I rammeplan for barnehagens innhald og oppgåver (2017), kapittel 8 (Progresjon) står det at «…alle born skal kunne oppleve progresjon i barnehagen sitt innhald» og at dette skal skje gjennom å «oppdage, følge opp og utvide det borna allereie er oppteken av.» Barnehagen skal også «legge til rette for progresjon gjennom valg av pedagogisk innhold, arbeidsmåter, leker, materialer og utforming av fysisk miljø.»

Personalet må skape situasjoner der det blir mulig å oppdage nye lag i tematikken.

Målet er at koblingar av oppleveingar, erfaringar og refleksjonar fører til at borna oppdager samanhengar og skaper teorier om verda omkring seg. 

Om barn har en teori som ikkje fell saman med naturvitenskapen, er teorien likevel viktig i borna sin prosess. Det betyr at borna skal møte personal som undrar seg saman med dei og støtter opp om det dei utforskar og tenkjer.

I bornet sin iver etter å forstå og skape meining, er det viktig å møte vaksne som ikkje irettesett eller korrigerer. Ved å møte vaksne som undrar seg saman med dei, kan alle born øve opp evna til å stille spørsmål, tenkje kritisk og finne løysingar i ein samansatt kvardag.

Barnehageborn er dei beste filosofane og kjem med svært mange lærerike og interessante refleksjonar, berre dei slepp til.

I nokre samanhengar søkjer born konkret kunnskap, og då skal vi sjølvsagt dele denne. Det er viktig at born møter personal som ikkje alltid har svaret, men at dei saman kan søkje kunnskap anten gjennom eigne erfaringar eller til dømes bøker, bileter og internett. Det er viktig med årvåkent personal som ivrar etter å fange opp interessefelt i barnegruppa eller hos enkeltindividet.

For at born skal kjenne at dei har evne og lyst til å lære, må dei ta aktivt del i eigne læreprosessar. I møte med nye impulsar erobrer kroppen og tankane stadig flere ferdigheiter. Hjerna og kroppen lærer samtidig, og målet vårt er at barn skal bli glad i opplevinga som ligg i det å erobre nye ferdigheter, tankar og teoriar. Nokre gonger må born øve mykje, andre gongar klarer born ting fort. Dette er også ei nyttig erfaring, det å sjå at born og menneske er ulike… Vi meistrar ulikt og det er greitt, men om vi øver litt ekstra, så kan vi også klare nesten det vi vil.

Plassebakken Barnehage SA set fokus på læring og opplevingar i naturen. Her har borna gode høve til å utforske og prøve ut eigne teoriar og evner utan å bli møtt med fastlåste forventningar om korleis ting skal gjerast eller nyttast.