Psykososialt barnehagemiljø

Lov om barnehagar stiller krav til barnehagen om å skape eit trygt og godt psykososialt barnehage¬miljø for alle barn. Barnehagen skal ikkje godta krenkingar, og alle som arbeider i barnehagen skal førebygge og gripe inn om eit barn utsettast for dette. Alle som arbeider i barnehage har aktivitetsplikt ved mistanke om at barnehagemiljøet ikkje er trygt og godt for alle barn. Jf kap. VIII i Lov om barnehagar.

Et godt leke- og læringsmiljø omfatter alle deler av det psykososiale miljøet, slik som vennskap, inkludering og forebygging av krenkelser, trakassering, vold og mobbing. Et trygt og godt barnehagemiljø innebærer ikke bare fravær av krenkelser, men at barnet selv opplever at det er trygt og godt i barnehagen, at det er inkludert i barnegruppen og opplever å være betydningsfull for fellesskapet, og at det å gå i barnehagen er en positiv opplevelse og noe barnet ser frem til.”

(Prop. 96 L (2019-2020)  

 

Det psykososiale miljøet handlar kort sagt om korleis kvart barn har det saman med andre. Barn si emosjonelle og kognitive utvikling er knytt til dei relasjonelle erfaringane som barna gjer seg.Barnehagane er av stor betyding for utviklinga gjennom å skape eit miljø er prega av gode samhandlingsmønster.

Dette er noko som krev kontinuerleg innsats frå personalet i barnehagen, og det førebyggande aspektet i dette arbeidet er spesielt viktig. Barna si utvikling skjer gjennom kontinuerleg og gjensidig påverknad mellom barna og det miljøet dei er ein del av (Drugli, 2008).

Ut frå ei slik forståing må arbeidet med det psykososiale miljøet omhandle både barna og deira utvikling, samt element i miljøet som barna er ein del av.

Barnets beste skal vere eit grunnleggande omsyn i barnehagen sitt arbeid, jf. Barnehageloven § 3 Barns rett til medvirkning og hensynet til barnets beste.

Ved Plassebakken Barnehage er det utarbeidd handlingsplan for arbeidet med eit trygt og godt barnehagemiljø, der det førebyggande aspektet er viktig. Handlingsplanen viser korleis saker med mobbing eller andre krenkingar skal handterast hos oss, korleis vi samarbeider med foreldre etc.