Kjerneverdiar

I Plassebakken Barnehage er vi svært opptatt av bevisstheit kring verdiar. Vi har arbeidd målretta med dette i mange år, og våre kjerneverdiar skal vi gjenkjennast på.

Vennskap: Vi ønskjer å gi rom for både diskusjon og samarbeid. Vi trår til for å støtte kvarandre. Alle barn skal vere inkludert. Alle skal ha ein venn i barnehagen, og nokre treng hjelp og trening i sosial kompetanse.

Respekt: Vi skal godta at andre er annleis enn ein sjølv. Barn og vaksne er likeverdige, ikkje underordna - overordna. Vi ønskjer å snakke fint til kvarandre, og godta grenser/avgjerdsler – sjølv om ein er uenig.

Nytenkande: Vi bruker krefter på å få fram nye tankar og idéar - og er åpne for alle innspel. Vi må ikkje vere redde for endring og gjere ting på andre måtar. Vi må våge! Ingen skal stagnere, men ha eit ønskje om stadig utvikling.

Galskap: Det kreative får blomstre. Vi skal ikkje alltid tenke “A4”. Vi meiner det er viktig å tøye grenser innanfor trygge rammer, og er takknemlege for uforutsett moro. Spillopper og krumspring utanom det vanlege er noko vi ønskjer å la barna få erfaring med.

Profesjonalitet: Vi skal vere serviceinnstilt og løysingsfokusert. Vår kommunikasjon internt og eksternt skal vere anerkjennande og respektfull. Vi skal vise vår kunnskap om barn og yrkeskrav. Vi skal vise vårt engasjement, deltaking og glede over arbeidet vårt. Personalet har teieplikt.

Tryggleik: Personale som er 100 % fokusert på barna. Vi skal vere til å stole på - vite kva som trengs - når det trengs. Vi viser nærleik og omsorg for barn og vaksne. Støtte og faste rammer. Vi bygg vår pedagogiske verksemd kring den nasjonale rammeplanen, og stikkord frå denne som oppsummerar kva vi vektlegg er medverknad, likeverd, inkluderande fellesskap, læring, sosial og språkleg kompetanse. Barnehagen ønskjer å sikre at kvart barn opplever, erfarer og lærer gjennom sine år ved vår barnehage, og vi fokuserar på progresjon i det pedagogiske tilbodet.