/>

VI INVITERAR TIL ÅPEN DAG

Vi er stolte av det vi tilbyr barn og barnefamiliar, og ønskjer velkommen til eit lite innblikk i dette.

Det nærmar seg frist for å søkje om barnehageplass frå august. Fristen er 1. mars, og de kan søkje her https://skodje.ist-asp.com/NO01529-pub/login.htm 

Om de ønskjer å få eit lite innblikk i kva vi kan tilby, inviterar vi til åpen dag onsdag 1. februar. Då kan de "droppe innom" for ein snarvisitt eller for å tilbringe litt tid her mellom kl. 10 og 14. 

De vil få høve til å gjere dykk kjent med barnehagen inne og ute, samt helse på nokre av personalet og få eit inntrykk av korleis vi har det her i Plassebakken Barnehage SA. 

Vi vil også legge til rette for at de kan nyte medbrakt matpakke i gymsalen saman med andre besøkande. 

Det kan også bli mogleg å helse på dyra våre dersom dette er ønskeleg.