/>

ENDELIG KAN VI BRUKE LEIKEPLASSEN

I dag har endeleg alle dei tålmodige barna og dei tålmodige og kreative vaksne fått ta i bruk den nye leikeplassen vår! Til stor glede for både små og store er ventetida over, og vi har fått testa ut korleis apparata fungerar og utfordrar oss på nye måtar.

Det står att litt arbeid med såing av gras, reparasjon av sår i terrenget, gummidekke på sykkelbana og beplantning i bed og skråningar, etc. - men dette må vente til våren. 

Her deler vi nokre bilder frå første test av leikeplassen: