/>

17. MAIFEIRING I BARNEHAGEN

Tradisjonen tru har vi også i år feira 17. mai i barnehagen nokre dagar før sjølve dagen!

Då går vi i tog gjennom byggefeltet, held fana og flagga høgt og ropar og syng så mykje vi klarer. Tilbake i barnehagen ventar det tradisjonskost... (pølser og is) og vi arrangerar forskjellige leikar og konkurransar rundt om på området. I år kom også russen på overraskingsbesøk og delte ut is! Det var kjempekjekt.