/>

VI FEKK KYLLINGAR PÅ GUL DAG!

Det passa fint at kyllingane kom ut av egget akkurat i dag....

...når vi feirar ein av våre faste tradisjonar før påske: Gul dag. Vi har følgt spente med på egga i rugemaskina, og akkurat i dag var det to kyllingar som kikka ut. Dei er friske og fine, og i morgon kjem det forhåpentlegvis ein til. Barn og vaksne har sveipa innom for å sjå på dei titt og ofte, og gledar seg til dei får komme over i sin nye bolig der vi har laga det varmt og koseleg til dei. Det skjer i morgon :-)