Overgang til barnehagelivet

Vurderer du å søke barnehageplass? Hugs søknadsfrist 1.mars! Overgangen til barnehagelivet kan vere stor, men i Plassebakken barnehage har vi arbeida målretta over fleire år for å skape gode tilvenningsperiodar.

Det er ulike grep ein kan gjere for at overgangen til barnehagelivet skal vere så trygg og god som mogleg, både for barn og foreldre. Vi legg vekt på å følgje barnet sine behov, i barnet sitt eige tempo. Vi er avhengig av tett foreldresamarbeid og emosjonell tilknytning mellom barn og personal står høgt på dagsordenen. 
 
Småbarnsavdelingane våre (0-3 år) har totalt 12 born og 4 tilsette. Det å ha relativt små barnegrupper er spesielt viktig for dei aller yngste, då behovet for omsorg og nærleik er ekstra stor. Vi er gode på å dele borna i endå mindre grupper gjennom dagen.
 
Opplevingar i naturen og erfaring med dyrehald dannar grunnlaget for vår pedagogiske verksemd. Vi har eige dyrehus og borna er saman med dyra frå dei er små.
 
Mange av våre tilsette har arbeidd i barnehagen i fleire år, noko som utgjer ein kompetent og erfaren personalgjeng. Vi har pussa opp lokala våre i 2023 og er stolte over våre "nye" lokaler! Vi har god plass både ute og inne, og områda inspirerer til allsidig leik og utforsking.
 
Blei du meir nysgjerrig på oss? Du finn fleire glimt frå kvradagen vår på facebook 
https://www.facebook.com/Plassebakken eller du kan ta kontakt med oss for meir informasjon; Tlf 47 48 13 98/ 99.