Born og foreldre fekk helse på inne på småbarnsavdelingane, der dei kunne spørre om smått og stort dei lurte på. Dei yngste fekk også høve til å utforske leiker og jamaldringar i barnehagen. Elles tilbydde vi omvisning inne og ute for dei som ønskja det, og til slutt hadde vi ei lita samling i gymsalen. Nokre takka for seg før dette, då formiddagsdubben var meir fristande. Barnehagelivet har sjølvsagt mykje spanande som må bearbeidast. Tusen takk til dei som kom innom oss denne dagen! Vi håper å sjå dykk att til hausten! :-)
Om du er ein av dei som ikkje rakk å besøke oss denne torsdagen, er det berre å ta kontakt om du er interessert i å sjå deg om. Du når oss på telefon 48229826 eller på mail sbn@plassebakken.no
Du finn også litt info om oss her: https://www.facebook.com/Plassebakken
Hugs at søknadsfristen er 1.mars!
Link til Ålesund kommune og info om søknadsprosessen finn du her: https://alesund.kommune.no/barnehage-og-skole/