Skulestartarane våre i Plassebakken har vore opptekne av Victor (frå NrK Super) og BlimE dansen i heile haust, og fredag blei det endelig tid til å danse med kvarandre! Prestemarka og Skodje barnehagar sine skulestartarar var også med på den store hendinga. Det var både spanande og kjekt å danse saman med mange ukjente, sjølv om ungane dansa i kvar sine lokaler og berre kunne sjå kvarandre på stor- skjerm. BlimE låten i år heiter "Ser deg" og handlar om at alle fortjener å bli sett og akseptert for den ein er.
I starten av det digitale treffet var det bittelitt ventetid for at alle barnehagane skulle få koble seg opp og alt det tekniske skulle komme på plass. Ungane stod likevel på rad og rekke og venta fint til Victor kom på høgtalaren. I forkant av dansen fekk ungane også helse på assisterende rektor ved Skodje barneskule, Anne Marthe Ekrem, og ho snakka litt om kvifor alle var samla slik på teams. Ungane var sjølvsagt godt informerte om at koronaen var årsaka. Då dansen var over, spurte Anne Marthe om ungane ville ta den ein gong til, og det ville dei meir enn gjerne.
Tidlegare Skodje kommune har dei siste åra arbeidd spesielt for at overgangen mellom barnehage og skulle skal opplevast som trygg og god for alle skulestartarar. Det inneber å få til gode og ulike treffpunkt mellom skule og barnehage det siste året før skulestart. Men så kom som kjent Covid- 19 og mange av aktivitetane måtte avlysast. Då lærarar frå barnehage og skule hadde samarbeidsmøte i haust for å planlegge overgangen for 2015 - kullet, måtte dei tenkje alternativt og kreativt. Då kom ideen om felles BlimE - dans opp! Og no i november, fekk vi altså gjennomført treffet, ca ei veke etter at heile Norge dansa BlimE dansen med ein meters avstand. BlimE dansen har 10 års jubileum i år, og den har som mål å fremme samhald, vennskap og inkludering. Dette synes vi var eit strålande utgangspunkt for arbeidet med å skape ein god og trygg overgang for skulestartarane våre, 2020/ 2021.