/>

Kvar er mamma mi...?

Sørigard inviterte til fellessamling denne veka og boka "Kvar er mamma mi...?" stod på timeplanen.

Boka handlar om ei lita ugle som har ramla ut av reiret sitt. Med humor, varme og kjærleik følgjer vi Vesle Ugle og vegvisarane hans frå det ukjende og utrygge, til det kjende og kjære. Når ugla ramler ned frå reiret, havnar den i ein mørk og skummel skog. Heldigvis møter ugla det hjelpsame ekornet som deltek i leiteaksjonen etter ugle- mammaen. Dei møter både ein bjørn, og ein hare og ein frosk før mamma Ugle dukker opp.

Sigurd og Kinga dramatiserte historia for oss. Dei to stod for alle dei seks rollene i historia og med ein mikrofon på deling! Imponerande i seg sjølv, meiner vi! Med slike flotte kulisser og figurar, håper vi å få sjå teateret fleire gonger i framtida. Det var mykje latter i gymsalen denne formiddagen, men også litt alvor og undring. Vi anbefaler boka på det varmaste! Og ei litt ekstra spesiell anbefaling - boka er på nynorsk!