Plassebakken barnehage 30 år

Onsdag 2.oktober var dato for barnehagen sitt jubileum, og vi pynta med ballonger og flagg til den store dagen. Og Pippu, maskoten vår, fekk sjølvsagt krone!

Vi inviterte Pippu og alle i barnehagen til samling ved store-sandkassa i eit nydeleg haustvêr. Sigurd drog fram gitaren og "Hurra for deg" stod sjølvsagt øverst på repertoaret. Ulvane, som er dei eldste i barnehagen, overrekte eit kjempestort bursdagskort til Pippu med alle ungane sine handtrykk på. Han fekk litt hjelp av Sissel til å ta i mot, og både Pippu og leiaren var tydeleg nøgde!

Nokre i personalgruppa kledde seg ut og underheldt med fantastisk "Baby Shark" - dans! Ungane kjenner denne godt og dei var ikkje seine med å hive seg meg! Personalet dramatiserte også ein alternativ variant av "Dei tre Bukkene Bruse"... denne gongen skulle bukkane til barnehagen for å ete kake. Dei tre kom seg over den velkjente brua med troll under, og kake fekk dei til slutt...men dei rota fryktelig og hadde krem over heile seg! Trass i rot og kliss, bukkane såg ut til å verte glade og mette! 

Glade og mette blei alle vi andre også, etter pølsebod, saft og masse sjokoladekake! Vi skeia ut litt ekstra denne dagen, men det er ikkje kvart år barnehagen feirer bursdag. Vi hadde også fiske- konkurranse der laksen var bytta ut med seigmenn. Dei som ville, fekk ansiktsmaling og det blei mange fargerike flagg og regnboger, vakre sommerfugler, skumle dyr og ivrige actionfigurar som bidrog til at det heile blei ein fin og minnerik dag. 

Vi synger bursdagssanen til Pippu! 

 Grandma- Shark syng seg hes :-)

Stine har tett med ekstra utstyr til barnehagen i dag:-) 

Den minste Bukkene Bruse møter trollet under brua...

 

Nam- nam med Bamse- kake!!

Fiskekonkurranse på gang....:-)