Vi fekk vere med på både teater og allsong, og store og små hadde ei kjekk stundt saman ved grinda opp til Apalviksætra. Ulike rørslesanger gjorde at vi heldt varmen i regnveret. "Hode, skulder, kne og tå!" var ein av dei, og den blir vi aldri lei! Teateret vi fekk sjå og høyre var det velkjente og populære eventyret om "Dei tre bukkene bruse". Trollet sat godt plassert under brua og passa på kven som gjekk forbi... Heldigvis gjekk det som det pleier; trollet blei kasta i elva av den største bukken slik at han og dei to brørne kunne gå glade og lykkelege til sæters. Det er godt mogleg dei hadde tenkt seg til Apalviksætra denne gongen... Nordigard gjekk i all fall vidare opp over sætrevegen etter samlinga, og då skulle dei mellom anna prøve seg på geocaching. Avdelinga har uteveke og då finn dei på mange kjekke aktiviteter i naturen. Neste veke er det Austigard og Utigard som skal ha uteveke.
Uansett; takk til Nordigard for ei våt, men heilt fortreffeleg fellessamling ute i det fri!