Ryddeaksjon

I mai var det mange av ungane i Plassebakken barnehage som bidrog med å rydde langs vegane i nærområdet vårt. Her er berre litt av alt søppelet vi fann!

Det var i samband med kommuna sine store (strand)ryddeaksjon at ungane på Nordigard og Utigard plukka søppel langs vegane. Nokre av ungane rydda langs hovudvegen og ut til Pumpestasjonen, nokre rydda vegen opp til Apalviksætra og nokre ungar saumfarte grøfter og kantar i deler av Vågen og Lia. Ungane var super- flinke og veldig overraska over alt søppelet dei fann! Heldigvis stilte kommuna med flotte ryddehanskar og små søppelposer som var lette å halde i for dei yngste. Tusen takk til dei flinke ungane våre som bidrog til at vi fekk ein ekstra fin og rein 17.mai! (Fleire bilete frå ryddeaksjonen kjem frå avdelingane etterkvart).