/>

God dugnadsånd i barnehagen

Godt over 30 foreldre og born skapte eit positivt fellesskap under dugnaden som barnehagen arrangerte i slutten av april.

Det var hovudsakleg uteområdet som fekk seg eit løft denne dagen. Det blei lufting av bark, raka, saga, vaska, skrubba, kosta og kasta i stort monn! Og arbeidsinnsatsen blei premiert med nydeleg pastasalat og deilig sjokoladekake. Denne duganden skulle eigentleg vere i mars, men blei avlyst på grunn av snøfall. I mai venter det nye dugnadsoppgåver og felles innsats for eit godt barnehagemiljø. Tusen takk til alle som stilte!