Karneval

Etter fleire veker med førebuing av sjølv-laga kostymer, samla det seg mange spente born og vaksne i gymsalen fredag 8.3. Endelig var det tid for å feire karneval!

Kostymene var inspirert av tema som vi har arbeidd med gjennom året. Utigard har hatt mykje om frukt og grønsaker og gjengen stilte som brokkoli, jordbær, tomater og ei og anna gulrot. Det var eit frodig og flott syn! Dei andre avdelingane tok utgangspunkt i naturprofilen vår og med eit spesielt fokus på dyrehald. Austigard var ein gjeng lure og smidige revar, der Mikkel rev var front- figur. Sørigard stilte med hårete og morosame geitebukkar, og dei kunne ekstra godt sangen om "Bukkene Bruse". Nordigard var meir som ein dyrehage og presenterte ulike kattar, flaggermus, dinosaurer, sommerfuglar, tiger og eit par kreative otrar. Det var rett og slett eit fargerikt og alternativt fellesskap!

Vi sang fleire sangar saman som tok utgangspunkt i kostymene våre, og til slutt hadde vi disco og dans. Til lunsj kosa alle avdelingane seg med varm mat, og så fekk vi besøk av ei ku frå Sjurslia og bonden hennar. Det var ei nokså stirrig, men snill ku... Ho kunne nemlig trylle fram karnevals- fôr til glede for alle små og store karnevalsdeltakarar. Vi har ikkje sett ho sidan, sjølv om ho spurte om å få bu her i dyrehuset vårt. Kanskje har du sett ho...?

 

Logg deg inn på nettsida vår, så får du sett endå fleire bileter:-)