Nissefest

Heile barnehagen samla seg til nissefest i gymsalen. Sjå kor mange fine nissar som var der!

Sjølvaste nissefaren kom også ein tur innom! Han hadde med ei lita overrasking til kvar- det var stas! Vi song julesongar og gjekk rundt juletreet. Og vi fekk også sjå nokre rare og morosame mus som ville stjele grøten til nissen. Etter fellessamlinga i gymsalen, blei det deilig nissegrøt til små og store. Og så har vi rett og slett tent alle fire adventslysa, litt på forskot...for no er det ikkje lenge igjen og vente...:-) Vi ønsker alle ei riktig god jul!