Samarbeidsutvalet ved barnehagen har valgt å framheve denne arenaen som ein god plass for foreldre og barn til å bli kjente og bygge gode relasjonar. Frå i år har vi m.a. sørga for skikkeleg dugnadsmat til arbeidsgjengen, og her er ei av dei som melde seg på til dugnad og valgte å lage lunsj som si oppgåve :)
Og som vi kan sjå - det er berre så vidt ein klarer å vente til maten er ferdig.
Nokre av dei som var her valgte også å ha med barna. Dette har ikkje vore vanleg praksis dei siste åra, men no ønskjer vi at også barna er med (så sant det ikkje skal foregå "farleg" arbeid). Det blir god relasjonsbygging - og det er noko som er viktig i Plassebakken Barnehage!
Vi er svært fleksible dersom det skulle vere vanskeleg for nokon å stille på dugnader.