/>

VI PUSSAR OPP UTEOMRÅDET

I november starta arbeidet med å anlegge ny leikeplass, og den startar no å ta form for alvor.

I tråd med vår naturprofil velgjer vi også denne gongen leikeapparat av tømmer. Det meste skal bli ferdig no før vinteren er her for fullt. Resten - som t.d. ny sykkelbane - blir ferdigstilt til våren når det er høgare temperaturar igjen. 

Uteområdet vårt blir oppgradert til å i enda større grad innby til motorisk aktivitet og fantasifull rolleleik. Utforminga vil skape ein flott samanheng mellom delane av området som består av apparat og små, koselege hytter og dei delane vi har valgt å halde på som urørt naturtomt.