Ein av våre pedagogar skal ha permisjon. Vi treng derfor ein leiken og naturglad erstattar for ein periode på ca. 18 månader. For den rette kandidaten kan det bli høve til fast tilsetting etter endt vikariat.
Om barnehagen:
Plassebakken Barnehage SA ønskjer å fremje naturen og friluftsliv som ein viktig arena for barn si utvikling, læring og trivsel. Det er eit mål å skape eit godt fundament for barn som gode forvaltarar og brukarar av naturen og seg sjølv.
Natur - og friluftslivprofilen famnar alle fagområda i Rammeplanen med eit sterkt tverrfagleg fokus. Vi er svært stolte over uteområdet vårt og at vi har lett tilgang til fine turområder og turmål. Vi har kort veg til både skog, fjell og fjøre.
Vi har også dyr i barnehagen. Desse held til ei eige hus, og barn og tilsette har ansvar for desse i kvardagen. Vi meiner at kontakt med dyr er ein unik læringsarena for barn i alle aldersgrupper og ein utmerkt arena for å etablere gode vennskap og relasjonar.
Barnehagen er medlem i Private Barnehagers Landsforbund, og er ein foreldreeigd idéell barnehage med 5 avdelingar. Vi er også medlem i Nettverk for Natur - og Gårdsbarnehager.
Våren 2023 oppgraderte vi store delar av barnehagen sitt innemiljø og har fått eit fysisk miljø med gode og allsidige leikesoner.
Gjennom regional kompetanseutvikling har vi dei siste åra arbeidd med å auke kompetansen for korleis vi kan legge til rette for god leik inne og ute, og kor mykje dei tilsette har å seie for at barn har gode vilkår for den viktige leiken.
For oss er det viktig at du har følgjande eigenskapar:
- Fagleg fokusert og reflektert
- Opptatt av relasjonar
- Må elske å bruke naturen saman med barn
- Må vere løysingsfokusert og endringsvillig
- Må vere ein tydeleg og trygg fagperson
- Må kunne arbeide systematisk og målretta med barnehagen sine planar
- Vere ein god rollemodell - både i pedagogisk arbeid og i arbeidsmiljøet
- Ha evne til å involvere alle barn og sikre barn sin medverknad
- Lojal og ansvarsbevisst
- Gode samarbeids - og kommunikasjonsevner
- Må vere bevisst på eigne verdigar og må også kunne identifisere seg med våre kjerneverdiar
Arbeidsoppgåver:
- Medansvar for å iverksette og leie det pedagogiske arbeidet på avdeling
- Rettleie og sørge for at krav i Lov om barnehagar og Rammeplanen vert oppfyllt gjennom det pedagogiske arbeidet
- Foreldresamarbeid
- Bidra til at barnehagen kan gi barn og foreldre eit pedagogisk tilbod av høg kvalitet
- Bidra til at barnehagen er ein lærande organisasjon i stadig utvikling gjennom systematisk planlegging, gjennomføring, dokumentasjon og vurdering
Vi tilbyr:
- Eit aktivt og utviklingsorientert fagmiljø
- Lønn etter gjeldande tariff
- God pensjonsordning
- Oppfølging og rettleiing av nytilsette
Kvalifikasjonar:
- Søkarar må ha godkjent barnehagelærarutdanning eller anna pedagogisk utdanning i tråd med krav i Lov om barnehagar
- Utdanning frå andre land må vere godkjent av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse
- Søkarar med anna førstespråk enn norsk eller samisk må innfri krav om norskferdigheter i tråd med Lov om barnehagar
- Politiattest må leverast før tiltreding
- Det vil bli lagt vekt personleg skikkaheit
- Søkar med fagbrev som barne - og ungdomsarbeidar kan goså bli vurdert dersom det ikkje melder seg søkar med godkjent utdanning
Søknad, CV og referansar sendast til sbn@plassebakken.no
Stillinga er ledig frå 1. januar 2025, men alternativ dato for oppstart kan diskuterast.
Søknadsfrist: 6. november