LITEN og STOR: Snøleik i positive fellesskap

Barnehagedagen 2023 - "LITEN og STOR" Kva er verdien av å ha fleire tilsette i barnehagane? Born jublar når snøen kjem, sjølv om det er midten av mars og mange vaksne venter utålmodig på våren…

Born utnyttar ofte snøen til positiv leik på eiga hand, men kva er vel betre enn vaksne som er med å lagar fantasifulle snømenn, vakre snøenglar på bakken eller superfart i akebakken…?
Leik i snø gir mykje fart og moro, og er fantastisk utgangspunkt for å skape eit inkluderande fellesskap for alle.
 
Personalet i barnehagen er viktige rollemodellar for at borna får gode opplevingar ute i naturen heile året. I Plassebakken barnehage er vi spesielt opptatt av å bruke naturen som arena for leik, undring, utforsking og læring. Det å bruke snø som byggemateriale kan til dømes legge grunnlag for både matematiske erfaringar, estetiske opplevingar og utforsking av naturfaglege fenomen. Dette krev kompetente vaksne som har tid og evne til å knytte kvardagslege aktivitetar til utforsking og læring.