Det er alltid godt å ha vaksne ved sidan av seg, som kan støtte når til dømes saksa og finmotorikken ikkje fungerar som den skal. Det er også godt å ha påkobla vaksne når ein søkjer respons for eigen klippe- innsats
Kompetente vaksne balanserer mellom å motivere, veilede og dele glede.

I nokre estetiske aktivitetar får borna inspirasjon til å uttrykke seg, slik som her med påskekyllingen. I andre aktivitetar, legg vi til rette for meir individuelle uttrykk. Vi ønskjer at borna skal erfare varierte uttrykksformer, med meistring og glede i fokus.
Det er godt å ha ro til konsentrasjon på eigne oppgåver, men jammen er det fint å få vere saman om å oppleve og skape kunstnariske og kulturelle uttrykk også! Kompetente vaksne bygger gode fellesskap og støtter borna i å vere positiv merksame på kvarandre.