Årets tema kan ein sjå i samanheng med barnehage- tilsette sitt ønskje om at bemanningsnorma skal gjelde i heile barnehagetida. (Minst ein tilsett pr tre barn umder tre år, og minst ein tilsett pr seks barn over tre år). I "Rammeplan for barnehagen" står det at alle barn skal oppleve å bli sett, forstått, respektert og få den hjelp og støtte dei har behov for. Vi arbeider kvar dag for å følge opp "Barnehagelova" som seier at alle barn skal vere sikra eit godt psykososialt miljø i barnehagen. Fleire pålogga og kompetente tilsette i barneahagane vil bidra til at kvart enkelt barn blir sett og fulgt opp på ein god måte gjennom heile dagen. Slik vil vi kunne handle til barns beste, like ofte som vi no har ønskje om å kunne tenkje barns beste.
I løpet av dagen og veka, vil vi gjennom bilder og tekst vise litt av det borna i Plassebakken barnehage kan få til med ein kompetent vaksen ved si side. Liten og stor- i barnehagekvardagen Følg med! Følg med!
Gratulerer med dagen:-)
Les gjerne artikkelen "Å oppdage verden sammen".
"Det er når vi gjør noe sammen, vi blir trygge på hverandre", skriv forfattaren Kari Carlsen.