Barnehageplass i nyoppussa lokaler- hugs søknadsfrist 1.mars!

Er du på leit etter BARNEHAGEPLASS? Sjå her! I februar startar vi eit stort renoveringsarbeid, og vi kan difor ikkje tilby "Open dag" for nye søkjarar i år. Vi vil gjerne at du tek kontakt med oss på telefon eller e post likevel, dersom du er nysgjerrig på korleis det er å ha barnet ditt i akkurat vår barnehage.

På bileta kan du sjå litt korleis det kjem til å bli i våre nyoppussa lokaler. (Illustrasjonsfoto Lekolar). Vi er opptatt av å skape rom i rommet, som gir små krypinn der borna kan leike meir skjerma og konsentrert. Møbler og leiker skal inspirere til tradisjonell leik, samstundes som miljøet gir høve til utforsking og kreative uttrykk. Vi tenkjer det er positivt at møblane kan fungere både til leik og kvile, og at der også er rom for fysisk utfalding. Avdelingane vil ha både lave og høge bord og stolar, slik at born i alle aldrar skal kunne meistre og medverke på eiga hand.
 
Barnehagen skal stå klar til nytt barnehageår, i august 2023. Er du nysgjerrig på korleis det kjem til å bli? Søk då vel! SØKNADSFRIST 1.MARS 2023. Vi skal gjere vårt beste for at både barnet ditt og du skal få ei fin barnehagetid.
 
Link til foresattportal (søknadsskjema), Ålesund kommune:
 
Har du spørsmål, ta kontakt med