Velkommen tilbake!

Det var mange som var spente då Plassebakken barnehage opna dørene igjen mandag 27.april etter Korona- stengte barnehager landet over. Flagget vaia i vinden og ein stor plakat med det etter kvart så velkjente regnboge- symbolet ønskja alle velkommen tilbake.

Personalet har stått på tidlig og seint for å få dette til å bli ein god start for ungane. Det er mykje som skal organiserast, planleggast og kjøpast inn, slik at omsynet til smitte blir best mogleg ivaretatt. Vi må likevel ikkje gløyme at opp i alt dette smittefokuset, så skal ungar få vere ungar. Det betyr at leiken skal ha størst plass i kvardagen, og då er det ikkje alltid like lett å hugse på 1-2 meters avstand. Heldigvis er det OK å vere nær, og få ein klem innanfor kvar kohort. Elles hadde det ikkje blitt noko barnehagedrift! 

Vi er spente på dei første dagane med fleire ungar på plass, men heldigvis er sola med oss og gir oss godt utever denne veka. Kohortane kjem til å vere mykje på tur i tida framover, slik at vi ikkje samler mange ungar på uteleikeplassen samstundes. Ikkje ver redde for å ta kontakt dersom det er noko de lurer på, vi svarer så godt vi kan. Det er likevel ikkje til å komme frå, at dette er ein ny situasjon for alle og ikkje alle spørsmål har like klare og eintydige svar. Men uansett, vi avslutter som ein av våre tilsette utrykte i morgontimane:  "Det er heilt fantastisk å sjå ungane igjen!"  Alt blir bra:-)