Dei siste åra har det i skulane blitt ein stor happening å springe så mange runder ein klarer, og så betaler private sponsorar ein sum for kvar runde eleven spring. Her i barnehagen ville vi springe til KIWI med nokre tomflasker, slik at ungane våre også fekk erfaring med å bidra. I forkant av tv aksjonen, oppmoda vi born og foreldre om å ta med eit par tomflasker kvar til barnehagen.
Torsdag 24.10 samla Nordigard alle tomflaskene dei har fått inn og tok turen til butikken for å pante. Ungane fekk legge inn flaskene i automaten sjølve og hente ut pantepengane i kassa. Til slutt blei det ein heil kopp med mange småmyntar i som dei høgtidlig overleverte til Camilla i barnehagen. Ho vil hjelpe dei med å videreformidle pengane til CARE- som er hjelpeorganisasjonen som set fokus på kvinner.
På Nordigard har dei snakka ein del om kva det vil seie å hjelpe andre som har lite. Dei har til dømes snakka om at i nokre land er det berre gutar som får gå på skule og arbeide, og i nokre land er det vanskelig å få seg jobb og tene eigne pengar. Det kan vere vanskeleg å sette seg inn i, men likevel viktig å snakke om.
Dei andre avdelingane i barnehagen har også samla inn flasker, men ikkje alle har tatt turen til KIWI endå. Dei kjem springane i løpet av dei næraste dagane! Tusen takk til alle mammaer og pappaer som har sendt med ungane tomflasker! Det er kjekt å få hjelpe!