Som plaster på såret, sendte Bjørnis ei lita helsing der han minte oss på kva vi må gjere dersom det oppstår brann. Han nytta også høve til å oppmode alle heimar om å ha brannøving heime, og at vi alle sjekker at det er batteri i brannvarslerane våre. Kanskje får de nokre ungar heim som er opptatt av dette i dagane framover...? Ungane fekk klatre gjennom førerhuset på brannbilen og vi fekk sjå korleis dei store slangane verka på ordentlig! Ungane fekk også sin eigen brannhjelm. Brannbilen og brannvesenet i Skodje kom på besøk i samband med brannvernveka 2018.
Rett før brannbilen kom i formiddag, hadde vi brannøving i barnehagen. Det gjekk veldig bra og både barn og vaksne hugsa kor dei skulle samlast.:-)