Søke barnehageplass

Vi har samordna opptak med Skodje kommune. Det betyr at du søker om barnehageplass på kommunen sin søknadsportal uavhengig av kva for ein barnehage du ønskjer plass i. Søknadsfristen er 1. mars. Søke om plass kan du gjere her: https://skodje.ist-asp.com/NO01529-pub/login.htm

Etter at 1. opptakrunde er ferdig vert ei eventuell venteliste sett opp. Ventelista er i utgangspunktet felles, og i praksis fungerar denne slik at kvar styrar tilbyr plass til barn på venteliste etter kven som har søkt den einskilde barnehage.

Det er dagleg leiar som føretek opptak av barn. Barn som får tildelt fast plass, treng ein ikkje å søke for seinare. Det må leverast skriftleg melding innan fristar fastsett i barnehagen sine vedtekter, og som det vert varsla skriftleg om, dersom plassen ikkje vil behaldast for kommande år. 

Kriterier for opptak

Ved opptak av barn skal det leggast vekt på følgjande kriterier i prioritert rekkefølgje:
• Barnehagelova § 13 om barn med nedsett funksjonsevne og særskilde behov.
• Barn av tilsette, dersom dette er viktig for rekruttering til stillingar ved barnehagen.
• Søsken av barn som har plass i barnehagen.
• Barn av andelshavarar.
• Barn fra Skodje kommune
• Så langt som råd skal det takast omsyn til alderssamansettinga i dei einskilde gruppene ved opptak.

Den som er tildelt fast plass, beheld denne fram til skulestart, dvs. fram til nytt barnehageår samme år (15/8). Kvart barn kan få fristilt sin faste plass for inntil eitt år i løpet av denne perioden. Dette vert avgjort i kvart einskild tilfelle av dagleg leiar etter skriftleg søknad. Vert det gitt avkall på plass for lengre periode en eitt år, må det søkast på nytt.