Natur - og friluftsliv

Plassebakken Barnehage ynskjer å fremme ein profil der naturen og friluftsliv er ein viktig arena for barn si læring. Målet er å leggje fundamentet for å bli gode forvaltarar og brukarar av naturen og seg sjølv.

Det er viktig at barna opplever glede ved å ferdast i naturen og å undre seg over mangfaldet. Dette inneber at Natur og friluftsliv profilen famnar om alle fagområda i Rammeplanen med eit sterkt tverrfagleg fokus. Ute i naturen er det nok fridom, tid, rom, armslag, stimuli av ferdigheiter, iboande sansetrang og gode fellesopplevingar til å styrke den sosiale leiken og gleda over nære venskap. Motivasjon er det viktigaste verktyet for vaksne å ha fokus på i arbeidet med å styrke barn si sosiale kompetanse. På tur med felles opplevingar, leik og vaksne som ser kvart barn og kan tilpasse sin deltaking i samspelet barn- vaksne, ligg eit stort potensiale til magiske møter og erfaringar.

 

Vi er svært stolte over uteområdet vårt og at vi har lett tilgang til fine turområder og turmål. Områder vi ofte brukar i kvardagen er Grillhyttene, Gapahuken og Trollskogen. Dette er områder barna synest det er kjekt å gå til. Andre turmål i gangavstand frå barnehagen som vi gjerne nyttar er Åsenråsa, Apalviksæterveien og Apalvika. Utanom hender det óg at dei eldste barna nyttar andre turområder i kommunen for eksempel Niusen, Murvik, Haugtua, Liafjellet og Frostatinden.