Pris og betaling for barnehageplass

Ein barnehageplass kostar 3 135,- kroner i månaden. Pris for mat kjem i tillegg. Har du fleire barn i barnehagen eller har lav inntekt, kan du få ein lavare pris. Du betalar for 11 månader i året. Det er betalingsfri i juli. Barnehageplassen skal betalast den 1. i kvar månad.

Når kan du få lavare barnehagepris?

Søskenmoderasjon

Familiar med meir enn eitt barn i barnehagen betalar ikkje full pris for alle barna. Det blir trekt frå 30 prosent frå månadsprisen for barn nummer to, og 50 prosent frå månadsprisen om du har fleire barn. Det er ikkje nødvendig å søke om søskenmoderasjon, men pass på at det er same forelder/føresett som står oppført som "Føresett 1" på alle barn i opptakssystemet. 

Dei med lav inntekt kan få lavare pris

For 2020 vil alle barn som bur i hushaldningar med samla årsinntekt under 574 750 kroner ha rett til redusert foreldrebetaling. Dersom søknaden om redusert pris blir godkjent, gjeld det for eitt barnehageår om gongen. Du må derfor søke på nytt kvart barnehageår. For søknader som kjem inn før 1. august, vil reduksjon gjelde heile barnehageåret. For søknadar som kjem inn etter 1. august, vil reduksjonen gjelde frå neste heile månad. NB! Søknaden vil ikkje bli behandla før dokumentasjonen er fullstendig. 

Alle 2- 3- 4- og 5-åringar og barn med utsett skulestart, som bur i hushaldningar med lav inntekt, har rett til å få 20 timar gratis opphaldstid i barnehage pr. veke. Dette blir kalla gratis kjernetid. Inntektsgrensa for å få innvilga gratis kjernetid er satt til kr. 566 100,- frå 1. august 2020. 

Alle som har rett til gratis kjernetid, har også rett til redusert foreldrebetaling.

Her kan du søke om redusert betaling. (ekstern lenke til Ålesund kommune)

Spørsmål om faktura og betaling for barnehageplass

Barnehageplassen forfell til betaling den 1. kvar månad. Vi oppfordrar til å opprette eFaktura. Dersom du ikkje opprettar eFaktura, vert faktura sendt til epostadressa du har oppgitt i søknadsportalen. 

Kva skjer dersom du ikkje betalar for barnehageplassen?

Dersom betalinga ikkje er i orden, vil ikkje barnet få behalde plassen. Vi sender varsel ved manglande betaling. Dersom det uteståande beløpet ikkje vert betalt innan fristen, sender vi kravet til inkasso.

Prisar

5 dagar pr. veke kr. 3 135,-
4 dagar pr. veke kr. 2 665,-
3 dagar pr. veke kr. 2 195,-