Velkommen til Plassebakken Barnehage SA

Vi har gleda av å ønskje deg velkommen til ein barnehage der det er godt og spanande å vere. Her står mangfald, pulserande liv og fleksibilitet i fokus.

Åpningstid og beliggenhet

Åpningstida er frå klokka 07.00 til kl. 17.00 fem dagar i veka.

Barnehagen ligg fint til med ei flott skogsområde – og der står barnehagen sin eigen gapahuk – som nærmaste nabo. Ikkje langt unna er det også ei elv som vi nyttar når det er høve til det. Det er kort veg til næraste sæter som er Apalviksætra. Ikkje langt unna ligg «Trollskogen» - og dit går vi på tur så ofte vi kan.

Vi dreg lasset saman

PLASSEBAKKEN BARNEHAGE SA er foreldreeigd og har som einaste formål å drive barnehage i Skodje. Drifta har idéelt og ikkje økonomisk formål. Vi tek i mot barn i alderen 0 – 6 år.

Plassebakken Barnehage er prega av ei lagånd, der både foreldre og personal tek ansvar og dreg lasset saman. Foreldre og personal kan også nyte godt av ein organisasjon der «vegen til topps»  - for viktige saker – er kort.

Plassebakken Barnehage kan tilby:

  •          Trygt og oversiktleg leikemiljø inne og ute
  •          Småbarnsavdeling
  •          Barn på ulike alderstrinn
  •          Garantert plass fram til skulestart
  •          Flittig bruk av nærmiljøet
  •          Eit personal med humøret i orden