TEMAKVELD ENGASJERTE FORELDRA VED BARNEHAGEN

I Plassebakken Barnehage skal alle vere inkludert i fellesskapet. Foreldre og tilsette deltok i september på ein felles temakveld om Inkluderande barnehagemiljø.

Kveldens hovudspørsmål var:

Temakvelden var ein aktivitet i samband med prosjektet "Ringar i vatn 2016 - 2019" - eit prosjekt som omhandlar barns fysiske og psykiske helse. 

Etter ei kort innleiing om kor viktig dei første leveåra er for å utvikle god helse - både fysisk og psykisk - med eit lite blikk på nyare forskning og haldningsskapande arbeid, var det tid for refleksjonsoppgåver i små grupper. 

Foreldre og tilsette var engasjerte i diskusjonar om både konkrete, praktiske spørsmål og grunnleggande, verdibaserte haldningsdiskusjonar. 

Vi ønskjer at alle barn skal ha det godt her og no, og samstundes verte godt rusta for framtida. Grunnlaget for dette ligg i korleis vaksne tar ansvar for at alle er inkludert og kjenner seg som ein betydningsfull person for fellesskapet. 

Samarbeidsutvalet ved Plassebakken Barnehage vil få mange nyttige og gode tips frå foreldre og tilsette etter temakvelden å arbeide vidare med. Stikkord er relasjonar og samlande aktivitetar.

Nokre små tips frå temakvelden: