LITEN og STOR: Omsorg og empati

Barnehagedagen 2023 - "LITEN og STOR" Kva er verdien av å ha fleire tilsette i barnehagen? Ein kompetent vaksen legg til rette for at borna får både vise og motta omsorg i barnehage- kvardagen. Dette bygger gode opplevingar i fellesskap, samt empati i praksis.

Det å få vise omsorg, gir borna moglegheit til å utvikle tillit til seg sjølv og andre. Omsorg er ein føresetnad for borna sin tryggleik og trivsel, og for utvikling av empati og nestekjærleik. Empati kan ikkje lærast, det må erfarast i praksis. Barnehagen skal aktivt legge til rette for omsorgsfulle relasjoner mellom barna og personalet og mellom barna. I ein hektisk kvardag er det lett å oversjå dei små signala ungane viser for å vere omtenksame mot kvarandre. Kompetente vaksne har evne til å følge opp initiativ frå borna og gir støtte til gjennomføring av empatiske handlingar. Dette dannar runnlag for trivsel, glede og mestring, og ikkje minst, det er med på å bygge gode og trygge fellesskap.