Nordisk litteraturveke

11.-17.november blei barnehagar, skular og bibliotek i Norden inviterte til å vere med på hausten sitt store høgtlesnings- eventyr. Foreningen Norden stod for invitasjonen, og desse har arbeidd for kjennskap og vennskap mellom dei nordiske landa sidan 1919- altså i akkurat 100 år!

Under den nordiske litteraturveka blei det tent levande ljos og lest høgt frå god nordisk litteratur for tusenvis av barn og unge rundt om i heile Norden. Høgtlesing, leselyst og fellesskap stod i fokus - også her i Plassebakken barnehage. Høgtlesingsboka for barnehagebarn var "Pippi har fødselsdag". Her fekk vi bli med på fest i Villa Villekulla der både hest og ape fekk plass ved bordet.

I Plassebakken var vi så heldige å få besøk av sjølvaste Pippi også! Ho var i eit særdeles godt humør og i kjent stil klatra ho både på bord og stolar, gjerde og klatrestativ- sjølv om dei vaksne sa at det ikkje var lov. Heldigvis kom ho seg ikkje opp på taket! Pippi elsker søtsaker, alle dagar i veka, og hadde til og med lurt med seg nokre seigmenn inn i barnehagen. Desse delte ho ut, ein smakebit til kvar, tullete som ho er! Det var jo Pippi sin fødselsdag, så litt må vel vere lov...tenkte ho kanskje, sjølv om det ikkje var laurdag...?

Litteraturveka er no over, men vi vil lese meir om både Pippi og andre kjekke bøker i tida framover også. Torsdag 21.november får vi mellom anna besøk av Madelen frå biblioteket som skal ha bokbad for oss. Ho kjem med nye lånebøker som ho vil lese litt i for oss. Og til dykk foreldre; lån gjerne med dykk bøker heim!