KJEMPEFLOTT DUGNAD I BARNEHAGEN

Tusen takk til alle foreldre som så langt har stilt opp på dugnad i haust!

Laurdag 22. september var ein heil gjeng samla til dugnad. Dei trassa skikkeleg ruskever (Knud var det han heitte visst :-) og jobba på med ymse oppgåver. Ekstra godt var det kanskje å komme inn til god og varm felles lunsj, med karbonader og tilbehør - også tilberedt som dugnadsinnsats av ei mamma i barnehagen :)

Tusen takk til Slamsug AS for lån av bil og utstyr også! No er alle slukar og rør spylt reine og tømt før vinteren - og dugnadsdeltakarane slapp å grave ut manuelt med dårleg utstyr..!

Laurdag 29. september møtest ei ny gruppe til arbeid. Det er i alle fall ikkje noko å seie på innsatsen til foreldre ved Plassebakken Barnehage! Takk skal de ha alle sammen.