Brannbilen på besøk

Stor stas, synes både born og vaksne, sjølv om Brannbamsen Bjørnis ikkje hadde høve til å komme.

Som plaster på såret, sendte Bjørnis ei lita helsing der han minte oss på kva vi må gjere dersom det oppstår brann. Han nytta også høve til å oppmode alle heimar om å ha brannøving heime, og at vi alle sjekker at det er batteri i brannvarslerane våre. Kanskje får de nokre ungar heim som er opptatt av dette i dagane framover...?  Ungane fekk klatre gjennom førerhuset på brannbilen og vi fekk sjå korleis dei store slangane verka på ordentlig! Ungane fekk også sin eigen brannhjelm. Brannbilen og brannvesenet i Skodje kom på besøk i samband med brannvernveka 2018.

Rett før brannbilen kom i formiddag, hadde vi brannøving i barnehagen. Det gjekk veldig bra og både barn og vaksne hugsa kor dei skulle samlast.:-)