SKITUR OVER ØRSKOGFJELLET

Førskuleklubben er på veg til Ørskogfjellet for den årlege skituren vår. Følg med utover dagen - bilder kjem!

Førskuleklubben på Nordigard, tilsette og nokre foreldre som stiller velvillig opp er no på veg til Ørskogfjellet og ein lang skitur! I tida fram til no har borna trena på skigåing så mykje som råd både heime og i barnehagen. Dei skal gå frå Fjellstova, over fjellet og til Fylling i Skodje. Tradisjonen tru er det sjølvsagt lagt inn gode pausar med mat, drikke og tursjokolade. Planen er også å ta ein lengre stopp ved Mevatnet, og der blir det ein god og lang pause før det ber nedover mot Fylling. 

Gjengen reiste frå barnehagen kl. 08 50 og vi ventar dei tilbake ca. 15 30. Så dette er ei heildagsutflukt. Vi ønskjer dei alle ein strålande tur og ei kjekk oppleving over fjellet!

 

 

Framme ved Mevatnet, og tid for mat :-)